”TRE”
er ei gruppe på 9 bokstavar:
”K U N S @ P N T R E”.
Gruppa skal stå på den vesle
graskledde haugen ganske nær inngangen til ”kulturbygget”
der mest ungdomskoleelevar ferdast.
Å stave seg fram til ordet
”KUNNSKAPENS TRE” gir ikkje direkte forbindelse til
dei ulike fagområda som elevane arbeider med, men kan
assosierast til eit mangfold av kunnskap som finst rundt
oss. Bokstaven A er bytta ut med @ som vi assosierer med
internett, som igjen er kjelde til meir kunnskap og fleire
muligheiter, også på eit sosialt plan.
Bokstavane er vippa litt ut
av den vertikale posisjonen. Dei ”vender ansikt” i ulike
retningar mot omgivnadene, menneske og rom rundt om.
Bokstaven @ vil bryte mønsteret og ha ein meir liggande
karakter, ”åle seg” rundt mellom bokstavane.
Dei 9 bokstavane står som ei
luftig gruppe som tydeleg høyrer saman.
Arbeidet er godt synleg frå
alle retningar rundt om kring og frå alle høgder, vindu,
platå over, osv.
Installasjonen skal stå rett
på grasbakken utan nokon form for sokkel.
|