Prosjektbeskriving for konkurransebidrag til nytt
odontologibygg i Bergen
Utandørs skulptur/installasjon
Ein markør i gateforløpet
Eg ønsker å tilføre staden
sanselege kvalitetar, først og fremst visuelle med tanke
på eit breidt spekter av brukarar.
Intensjonen er å
knytte saman situasjonen "inne-ute" ved hjelp av ei
mangefasettert speilande, krystallaktig skallform.
Den skal speile byggets
indre, "ganen" med sin orangeraude farge på nokre av
flatene, og den grønne vegetasjonen, fjellsida og andre
objekt - samtidig og på den same forma.
Kort sagt, eg vil samle
inne- og utesituasjonen som reflektert bilde på
installasjonens ulike flater.
Ei opplyst golvflate skal
intensivere lysopplevinga inne i sjølve forma, som også
speiler lyset frå golvet. Forma slepp også himmellyset
gjennom fordi flatene i sitt uttrykk framstår som lette,
perforerte vegger.
Om natta skal installasjonen
vise seg som eit sjølvlysande rom.
|