Brynseng skole er
ein heilt ny skole i Oslo for barn 1-7. klasse . Bygningen er
utstyrt med ein allment tilgjengeleg gymsal lokalisert i ein stor
«glassboks» på toppen, i 5.-6. etasje. Byggets heile sørside er dekt
med solcellepanel.
Nordsida og
glassboksen vender mot T-banestasjonen og eit meir industrielt,
offentleg område, mens sørsida av glassboksen vender seg mot dalen,
grøntareal og boligområde.
Kunstkomiteen ønska
ein lysinstallasjon relatert til glassboksen. Lysinstallasjonen
skulle vere godt synleg frå utsida av bygget, utan at lys skulle
smitte inn i gymsalen.
Mitt forslag er
lokalisert på nordfasaden av glassboksens kvite flate og på sørsida
av boksen langs ein korridor som strekker seg langs heile sørfasaden,
med glass mot dalen. Korridoren er skilt frå frå gymsalen med tette
vegger.
Begge sider av
lysinstallasjonen er basert på enkle linjespel.
Bildet på
nordfasaden er bygd opp av 4 bildelag der kvart lag kan stå
aleine eller i ulike kombinasjonar med kvarandre. Bilda er opne for
tolkingar, men kan lett assosierast til landskap. Bildet på
”lerretet” endrar seg med korte intervall, men langsamt nok til at
det ikkje framstår som ein ”filmprojeksjon”. T-bane passasjerar som
har eit kort opphald framfor bygget er ei vesentleg brukargruppe
her.
Materialet er
LEDlys på utsida av glasset.
|