EVA KUN
VISUAL ARTIST
 

Treet

 

 
HOME
WORKS
CV (E)
CV (N)
ARTICLES
CONTACT
 
Konkurranseutkast til Farsund barne- og ungdomsskole (2014)  

Animasjonsvideo: https://youtu.be/1GE6TcP8OYw

 

 

 

Utkast til skulpturinstallasjon

Farsund barne og ungdomskole består av fleire bygg lokaliserte rundt 2 skolegårdsplassar. Eg ønska å bidra med to forskjellige skulpturinstallasjonar, ein til kvar gårdsplass.

Intensjonar:

Begge skulpturinstallasjonar fungerer som visuelle signal, blikkfang, litt som gåte, men har også fysisk engasjerande trekk.

Dei skal
- stå i klar kontrast til bygningane rundt og skape sine eigne indre og ytre rom
- referere til vekst og utvikling
- pirre nysgjerrigheten
- gi tilgang på ulike måtar og nivå (lese, sjå, ta på og klatre i)
- vere eit annleis tre enn det som alt står der

 
 

 

”FRØ”         
Tilknytta barneskulens gårdsplass.                                                    

Består av tre bokstaver, der kvar bokstav står på bakken på eigne bein. Hovudflatene er lett skrånande, reist frå horisontalen i kvar si retning.

Størrelse og romlege relasjonar inviterer til å innta dei indre romma og enkeltbokstavane med kroppen. Teiknfigurane dannar ei lita gruppe som står direkte på asfalten der barna kan bevege seg fritt: Mellom, over, under, klatre på, stå ved, danne gruppe rundt…

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

 

”TRE”          
er ei gruppe på 9 bokstavar:

”K U N  S  @ P  N  T R E”.   

Gruppa skal stå på den vesle graskledde haugen ganske nær inngangen til ”kulturbygget” der mest ungdomskoleelevar ferdast.

 Å stave seg fram til ordet ”KUNNSKAPENS TRE” gir ikkje direkte forbindelse til dei ulike fagområda som elevane arbeider med, men kan assosierast til eit mangfold av kunnskap som finst rundt oss. Bokstaven A er bytta ut med @ som vi assosierer med internett, som igjen er kjelde til meir kunnskap og fleire muligheiter, også på eit sosialt plan.

 Bokstavane er vippa litt ut av den vertikale posisjonen. Dei ”vender ansikt” i ulike retningar mot omgivnadene, menneske og rom rundt om. Bokstaven @ vil bryte mønsteret og ha ein meir liggande karakter, ”åle seg” rundt mellom bokstavane.

Dei 9 bokstavane står som ei luftig gruppe som tydeleg høyrer saman.

Arbeidet er godt synleg frå alle retningar rundt om kring og frå alle høgder, vindu, platå over, osv.

Installasjonen skal stå rett på grasbakken utan nokon form for sokkel.

 
 
 

 
 
 
 
 
 
 

 

           Til topp side