EVA KUN
VISUAL ARTIST
 

Light Columns

 

 
HOME
WORKS
CV (E)
ARTICLES
CONTACT
Competition entry: Art work for a hight school and a culture house in Otta, Norway
 

Konkurranseutkast frå Eva Kun for
Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skole, avdeling Otta, og Otta Kulturhus.
Lyssøyler, 2010 (kortversjon av presentasjonen):



Intensjonen er å skape to lokale situasjoner som knytter seg til kvarandre og igjen til ein større samanheng. Det er lagt ein berre delvis synleg sirkelstruktur over heile området. Sirkelsentret ligg på elvebreidda, på gangstien.

Installasjonen består av ca. 45 søyler i epoxy, røyr på 20 cm diameter kvar.

Desse er organiserte i to grupper. Ein sirkelrund formasjon på tunet, med ca.
30 søyler og ein meir trekanta formasjon i atriet, med ca. 15-17 søyler.

Søylene skal ha ulike høgder, frå 410 cm og ned til 40 cm.

Materialet er transkulent matt epoxy.
Lysa skal ha ein sterk, varm gul farge.
 

 
     

På tunet framfor inngangen ønsker eg å etablere eit visuelt tyngdepunkt som kan fange oppmerksomheit og skape eit aktivt felles rom mellom dei ulike bygningskroppane. Det skal vere både sterkt , nært og inkluderande på same tid, utan å dominere eller blokkere for sikt eller ferdsel.

Meininga er å lyse opp i tunet på dagtid i mental forstand, men også fysisk, bokstaveleg i skumringa og i mørket.

Ein annan viktig intensjon er å knytte saman dei to veldig ulike romma, tunet og atriet. Det skjer direkte visuelt, og det skjer ved å speile aktivitetsnivået slik at lysnivået i rominstallasjonen endrar seg.

 
 

I


 
  Installasjonen består av ca. 45 søyler i epoxy, røyr på 20 cm diameter kvar.
Desse er organiserte i to grupper. Ein sirkelrund formasjon på tunet, med ca.
30 søyler og ein meir trekanta formasjon i atriet, med ca. 15-17 søyler.

Søylene skal ha ulike høgder, frå 410 cm og ned til 40 cm.

Materialet er transkulent matt epoxy.
Lysa skal ha ein sterk, varm gul farge.
 

           Til topp side