EVA KUN
VISUAL ARTIST
 

Dep. of Clinical Dentistry, Bergen

 

 
HOME
WORKS
CV (E)
CV (N)
ARTICLES
CONTACT

    Utdrag av konkurransebidrag - Competition contribution, excerpt   

 

 

Prosjektbeskriving for konkurransebidrag til nytt odontologibygg i Bergen 
Utandørs skulptur/installasjon

Ein markør i gateforløpet

Eg ønsker å tilføre staden sanselege kvalitetar, først og fremst visuelle med tanke på  eit breidt spekter av brukarar.

Intensjonen er å knytte saman situasjonen "inne-ute" ved hjelp av ei mangefasettert speilande, krystallaktig skallform.

Den skal speile byggets  indre, "ganen"  med sin orangeraude farge på nokre av flatene, og den grønne vegetasjonen, fjellsida og andre objekt - samtidig og på den same forma.

Kort sagt, eg vil samle inne- og utesituasjonen som reflektert bilde på installasjonens ulike flater.

Ei opplyst golvflate skal intensivere lysopplevinga inne i sjølve forma, som også speiler lyset frå golvet. Forma slepp også himmellyset gjennom fordi flatene i sitt uttrykk framstår som lette, perforerte vegger.

Om natta skal installasjonen vise seg som eit sjølvlysande rom.

 

   
 
 
Eg har også eit sterkt ønske om å skape kvalitet i situasjonen som stad. Det skal oppstå rom og mellomrom i sjølve forma,  og gode rom mellom forma og omgivnadene. Størrelsen på forma er valt med tanke på dimensjonar i bygget, i gateløpet og ikkje minst menneskekroppen. Vinklane i skulpturen søker å komme i dialog med vandrehallens skråvegg.  
     
   
     
   
     

           Til topp side