EVA KUN
VISUAL ARTIST
 

Lysbilde

 

 
HOME
WORKS
CV (E)
CV (N)
ARTICLES
CONTACT
 
Konkurranseutkast til Brynseng skole, Oslo, 2016. Kort utgave

Animasjonsvideo: her

 

Fasade mot nord, kveld

 
 

Fasade mot nord, formiddag

 

Brynseng skole er ein heilt ny skole i Oslo for barn 1-7. klasse . Bygningen er utstyrt med ein allment tilgjengeleg gymsal lokalisert i ein stor «glassboks» på toppen, i 5.-6. etasje. Byggets heile sørside er dekt med solcellepanel.

Nordsida og glassboksen vender mot T-banestasjonen og eit meir industrielt, offentleg område, mens sørsida av glassboksen vender seg mot dalen, grøntareal og boligområde.

Kunstkomiteen ønska ein lysinstallasjon relatert til glassboksen. Lysinstallasjonen skulle vere godt synleg frå utsida av bygget, utan at lys skulle  smitte inn i gymsalen.

Mitt forslag er lokalisert på nordfasaden av glassboksens kvite flate og på sørsida av boksen langs ein korridor som strekker seg langs heile sørfasaden, med glass mot dalen. Korridoren er skilt frå frå gymsalen med tette vegger.

Begge sider av lysinstallasjonen er basert på enkle linjespel.

Bildet på nordfasaden er bygd opp av 4 bildelag  der kvart lag kan stå aleine eller i ulike kombinasjonar med kvarandre. Bilda er opne for tolkingar, men kan lett assosierast til landskap. Bildet på ”lerretet” endrar seg med korte intervall, men langsamt nok til at det ikkje framstår som ein ”filmprojeksjon”. T-bane passasjerar som har eit kort opphald framfor bygget er ei vesentleg brukargruppe her.

Materialet er LEDlys på utsida av glasset.

 

                                 
Fasade mot sør
 
 
Fasade mot sør
 
 

Sørsida av bygget har kontakt med landskapsskalaen, men også med boligområdet. Bygget blir sett mest av det fastbuande nabolaget dag etter dag. Det er viktig at korridoren bak  glassfassaden er det området der kunsten kan komme skolens brukarar meir direkte i møte.

Eg konsentrerte  arbeidet langs korridorens tette vegger og på golvet der elevane og lærarar ferdast. Det betyr at sørfasadens glassvegg får meir reflektert lys ut gjennom glassveggen.

Dei visuelle elementa blir rette lyslinjer organisert i mønster. Dei står i forhold til ein mindre skala som er korridorens målestokk.

Det ligg i korridorens natur å  vere passasjeareal med kortvarige opphald og bevegelsar i ulike retningar.

Parallelle linjer med regelmessige avstandar, ulike lengder og i 2 fargar dannar flater på golv og på vegg. I kraft av utforminga vil opplevinga av formene på vegg og golv  endrast mens ein går eller løper forbi. Bruken av fargar skifter mellom golv og vegg omtrent ved midten av denne lange korridoren, og medfører ein nesten usynleg variasjon.

 

 
Korridor, mot aust
 
 
   
 
 
Korridor, vestre del

           Til topp side